Hopp til hovedinnhold
Førsteamanuensis Anne Håland, Lesesenteret, Universitetet i Stavanger
AV Førsteamanuensis Anne Håland, Lesesenteret, Universitetet i Stavanger
10.01.2016

Tommel opp for bruk av modelltekstar

Å bruka modelltekstar i skriveopplæringa, eller eksempeltekstar som det heiter i Kunnskapsløftet, gir mange fordelar, skriv førsteamanuensis Anne Håland ved Lesesenteret.

«Det er første gong eg har skrive noko som liknar på Sara sitt!» Dette er ei utsegn frå ein elev som akkurat hadde fått teksten sin presentert i klassen. Denne eleven streva med skrivinga og var van med at tekstane hans aldri likna den flinkaste jenta i klassen sine tekstar. No likna teksten hans på den flinkaste jenta i klassen sin tekst!

Det høyrer med til historia at læraren hadde gitt elevane tilgang til ein modelltekst før skriving. Saman hadde dei studert modellteksten, og saman hadde dei modellert korleis ein kunne bruka dei tekstlege trekka i modellteksten i deira eigne tekstar.

Det å bruka modelltekstar er ikkje noko nytt, faktisk er det ein eldgamal tradisjon med røter like tilbake til antikken. Likevel er det lenge sidan bruk av modelltekstar var ein aktiv del av skrivepedagogikken i Noreg. I Kunnskapsløftet er bruk av modelltekstar innført som ein del av undervisninga, og eit av dei få didaktiske råda som Kunnskapsløftet gir.

Å bruka modelltekstar, eller eksempeltekstar som det heiter i Kunnskapsløftet, er eit godt råd fordi forsking viser at bruk av modelltekstar gir mange fordelar. Eller for å seia som ein av lærarane på barnetrinnet uttrykte det:  

Det kjekke med bruk av modelltekstar er at alle får til å skriva. Elevane synes det er kjekt og eg synes at det er fantastisk å sjå korleis elevane brukar modellteksten på sitt nivå. Dei som er svært skrivekyndige brukar modellteksten som inspirasjon og ofte på ein kreativ og ny måte, medan dei som ikkje er så skrivekyndige held seg strengt til modellteksten. Eg seier: «Tommel opp for bruk av modelltekstar!» (Lærar og leserettleiar, Inger Ramsfjell)


Modelltekstar er eit nyttig verktøy i undervisninga, skriv bloggforfattaren.

Modelltekstar gir eit bilete av heile teksten og korleis teksten kan byggjast opp. Å gi eit bilete av heile teksten er viktige fordi forsking viser at mange elevar ikkje har eit heilskapleg bilete av den teksten dei skal skriva. Mange skrivarar planlegg ikkje teksten sin og brukar ein strategi kor den eine setninga tek den neste (Bereiter & Skaradamalia, 1984). Slik kan tekstane verka usamanhengande og fragmenterte.

Modelltekstar kan dessutan eksplisitt visa korleis skriving i fag kan sjå ut. Elevane har ei rekkje fag og skal skriva i faga. Alle desse faga har sine eigne normer for korleis skriving skal sjå ut. Forsking har vist at norske elevar i liten grad blir vist desse tekstnormene, at dei i stor grad er implisitte (Flyum & Hertzberg, 2011). Ein modelltekst i eit fag som naturfag, samfunnsfag eller norskfaget kan gi elevane tilgang til korleis det er forventa at ein skal skriva i nett desse ulike faga både med omsyn til komposisjon og med omsyn til språk.

Modelltekstar gir også eit godt utgangspunkt for å samtala om tekstar: Er det noko som kjenneteiknar strukturen i denne teksten?, Korleis er språket?, Kven rettar teksten seg mot? Dette kallar ein for å dekonstruera teksten. I denne dekonstrueringa vil elevane få tilgang til eit fagspråk om tekstar, eksempelvis fagord som ingress, tema- og kommentarsetning, passivkonstruksjonar, nominalisering etc.

Men om modellteksten skal ha god effekt, må læraren bruka den faglege kunnskapen som elevane har tileigna seg i dekonstruksjonen, til å modellera korleis elevane kan bruka kunnskapane som inspirasjonskjelde i si eiga skriving. Det betyr at ein må stilla overføringsspørsmål av typen: I modellteksten såg me at dei hadde brukt faguttrykk/passivkonstruksjonar/temasetningar osv., kva for faguttrykk/passivkonstruksjonar/temasetningar kan du bruka i din tekst? For mange elevar vil det ikkje vera nok å berre visa ein modelltekst, dei vil også trenga modellering og utprøvingar.

Modelltekstar kan utviska skriveforskjellar mellom elevar nettopp fordi dei kan gi dei elevane som strevar eit eksplisitt bilete av kva som er forventa av dei. På den måten kan modelltekstar bidra til at fleire elevar får skriva tekstar som «liknar på Sara sine». Difor: Tommel opp for modelltekstar!

Kommentarer

Ingen kommentarer på denne bloggen ennå

Skriv ny kommentar

SPRÅKLØYPER-BLOGGEN

Velkommen til Språkløyper-bloggen! Dette er stedet hvor inviterte gjestebloggere deler forskning, inspirasjon, informasjon eller aktuelle spørsmål som er knyttet til Nasjonal strategi for lesing og skriving 2016-2019. Våre bloggere er politikere, forskere, pedagoger, forfattere og andre med kunnskap og meninger om språk, lesing, skriving og opplæring. Det er kommunikasjonsavdelingen ved Lesesenteret som driver bloggen, men gjestebloggerne står selv ansvarlig for innhold og faglige meninger i sine innlegg. God lesing!

SISTE ARTIKLER

24.03.2017

23.03.2017

23.03.2017

23.03.2017

23.03.2017

FØLG OSS