Hopp til hovedinnhold
Førsteamanuensis Anne Håland, Lesesenteret, Universitetet i Stavanger
AV Førsteamanuensis Anne Håland, Lesesenteret, Universitetet i Stavanger
09.12.2015

Kan skrivedagar bli skriveopplæring?

Den tradisjonelle skrivedagen ved mange skular bør gjennomførast meir i tråd med det ein veit er god skriveopplæring, skriv førsteamanuensis Anne Håland ved Lesesenteret.

Anne Håland er førsteamanuensis ved Lesesenteret, Universitetet i Stavanger.

I desse dagar sit ungdomsskuleelevar og elevar i vidaregåande skule bøygd over tekstane sine. Dei har skrivedag. Å ha skrivedag betyr at elevane skriv tekstar på skulen i eit avgrensa tidsrom, gjerne 4 timar. Teksten blir så levert til lærar for vurdering. Ein slik skrivesituasjon er ikkje nødvendigvis skriveopplæring – det er i mange tilfelle skrivetesting, eller summativ vurdering, som det heiter på fagspråket. Og skrivetesting skal ein også ha i skulen. Men er det mogleg å få skrivedagane til å i større grad samsvara med det me veit er god skriveopplæring?

Dei færraste skriv tekstar utan å førebu seg. Når ein skriv tekstar, har ein bruk for å henta inn informasjon om det ein skal skriva om. Slik må det også vera i skulen. Ein må byggja emnet før elevane kan skriva. Først når elevane kan emnet godt kan dei ha det nødvendige skriveoverskotet og reflektera over korleis dei ønskjer å utforma teksten. Korleis skal innleiinga vera? Kva skal eg ha med i dei ulike avsnitta? Kva for språktone kan det vera passande å bruka i akkurat denne teksten, og kvifor?

Skal ein eksempelvis skriva ein tekstanalyse, må ein ha analysert teksten først. Teksten som skal analyserast må vera gjenstand for nærlesing før ein kan ha noko fornuftig å seia om den. Skal ein skriva ein fagtekst, må ein kunna noko om det faglege innhaldet. Ein må ikkje berre kunna noko om emnet, ein må kunna emnet godt. Elles kan skriving av fagtekstar gi seg utslag i «klipp og lim». Skal ein skriva ein argumenterande tekst, må ein ha utvikla meiningar eller høyrt andre sine meiningar om ei sak. Det å ha meiningar om ei sak krev også at ein har faglege innsikter. Å byggja emnet er å gjera eit grundig arbeid før ein kan starta skrivinga.

Når ein har bygd emnet, og elevane har noko å skriva om, kjem spørsmålet: Korleis kan ein skriva om dette emnet som elevane har tileigna seg? Som lærarar har vi så lett for å sjå tekstane føre oss i våre eigne hovud. Me har sett dei så mange gonger før, og me har ei klår formeining om kva me meiner er ein god tekst og kva som ikkje er det. Men for elevane er det ikkje slik. For dei vil det alltid vera ein første gong dei skriv ein fagtekst, ein argumenterande tekst eller ein tekstanalyse. Korleis skal dei då vita korleis dei skal skriva?

Elevane vil trengja ein lærar som modellerer korleis ein kan skriva. Når læraren modellerer skriving i sann tid får ein vist korleis skriving kan sjå ut. Slik blir skriveopplæringa eksplisitt, og ikkje noko tildekt som elevane skal finna ut av seg sjølve. Gjennom modellering kan ein få vist elevane kva ein meiner med at ein må bruka fagspråk, kva ein meiner med at eit må underbyggja påstandane, kva ein meiner med passande språktone når skrivinga har nett dette føremålet etc.

Forsking har vist at det er svært viktig at læraren seier høgt korleis ein tenkjer når ein modellerer (Graham & Herbert, 2010). Slik får læraren illustrert alle dei vala ein tek når ein skriv tekstar: Eg trur eg vil starta med ei innleiing som med ein gong prøver å fanga lesaren; kva med å bruka eit spørsmål; for å underbyggja denne påstanden er det viktig å sitera…

Skriveopplæringa skal sørgja for at elevane stadig utviklar seg som skrivarar, og den må difor ha fokus på korleis ein som lærar kan greia å utvikla eleven sin skrivekompetanse over tid. Forsking viser at det som har størst effekt på elevane si skriveutvikling er å gje elevane tilgang til skrivestrategiar (Graham & Perin, 2007). Slike skrivestrategiar kan innehalda komponentane over, eksempelvis emnebygging og modellering.

Er det så utenkjeleg at ein både arbeider med emnet og modellerer moglege måtar å skriva på før skrivedagen? I skulen er me så redde for juks! Men i staden for å sjå på førebuing som juks bør ein heller sjå elevane si skriveutvikling i eit lengre vurderingsperspektiv. Skriveforskaren Olga Dysthe deler vurdering inn i det korte, det mellomlange og det lange tidsspennet (2008). Vurdering i det korte tidsspennet fokuserer eksempelvis på vurdering innanfor ein time, vurdering i det mellomlange tidsspennet kan vera vurdering i ein avgrensa periode eksempelvis eit avsluttande emne, medan vurdering i det lange tidsspennet eksempelvis kan vera dei tre åra elevane går på ungdomstrinnet eller i vidaregåande opplæring.

Ein treng øving for å utvikla seg som skrivar og øving tek tid. Difor bør skriveopplæringa i mykje større grad ha eit fokus på vurdering i det lange tidsspennet, og skrivedagane kan sjåast på som øvingar. Slik blir det heller ikkje juks å leggja til rette for både emnebygging og modellering i førekant av skrivedagane, men elementa kan inngå som viktige stillas på vegen til å utvikla seg som skrivar. Slik blir det også enklare å sjå ei klår og tydeleg utvikling frå dei første til dei siste tekstane i løpet av dei tre åra som elevane er på ungdomstrinnet og vidaregåande skule.

Eg trur læringsutbyttet av skrivedagen blir større om elevane har fått førebudd emnet og læraren har modellert komposisjon, skrivestil etc. slik at elevane har nokre bilete i hovudet av kva som er forventa av dei å meistra på skrivedagen. Slik vil skrivedagen få ei ny meining og gå inn som ein del av ein bevisst og aktiv vurderingspraksis i det lange tidsspennet som skriveopplæring trass alt  er. Og slik kan ein kanskje endra på det inntrykket som forsking frå norske klasserom har vist, nemleg at: «Det samlede inntrykket fra tiende trinn og Vg1 er at skriveundervisningen i norskfaget har et sterkt fokus på tradisjonelle summative vurderingspraksiser som karakterer, prøver, tentamener og eksamen».(Sandvik & Buland, 2013 s. 111).

Fleire skular har byrja ei utprøving av ulike måtar å arrangera skrivedagar på. Nokre har valt å ta skrivedagane heilt bort, medan andre eksperimenterer med korleis ein kan gjera skrivedagen meir i tråd med det ein veit er god skriveopplæring. Lillesand skole gjer eit nybrottsarbeid på feltet der dei arrangerer skrivedagen over tre dagar med høve til å arbeida med teksten sin over lengre tid og få respons på den undervegs i skrivinga http://www.skrivesenteret.no/ressurser/organisering-av-tentamen-i-norsk-ved-en-skole-pa-srlandet/. Slik har dei prøvd å baka inn element av det me veit er god skriveopplæring inn i skrivedagkonseptet. Er dette noko som kan vera interessant på din skule?

 

Kommentarer

  • Helt enig
    Høsten 2015 starta jeg et prosjekt der jeg driver med samarbeidsskriving i mine to norskklasser i VG 1 & 2. Ideen er at elevene skal kunne snakke med og samarbeide med hvem de vil under heldagsprøvene. Jeg har samla inn erfaringer fra elevene, og de er samstemte om at dette er noe vi må fortsette med. Vi ser at det er en del ting vi må korrigere, blant annet ved å lage et reglement. Den gleden de viste, at det var så behagelig og lite stress, at de kunne snakke med hverandre og at de aller fleste satt hele tiden ut, er noen av erfaringene. Faktisk vil jeg neste gang utvide med en time ekstra - da samarbeid tar tid. Målet er å måle utviklinga deres fram mot eksamen. Jeg vil gjerne har kontakt med en forsker eller andre som kan være interessert i å følge oss. Meninga er å holde på i tre år framover - da vil jeg ha skaffa erfaring fra tre norskklasser i VG1 & VG2. I og med at eksamen enda er som den er, bruker jeg VG3 til å praktisere den vanlige formen sånn at eksamen ikke kommer som et sjokk. (Det er vel ellers bare et spørsmål hvor lenge den vil være som nå.)
  • Å førebu skrivedagen med modellert lesing av tekst og drøfting av tekststruktur.
    Mykje av skrivinga til eksamen i norsk og på skrivedagar er også basert på grundig lesing av tekstar og god tekstforståing. Grundig lesing er då ein føresetnad for å lukkast med skrivinga. Ingeborg Berge og eg har utarbeidd eit undervisningsopplegg som endar i ein skrivedag. Fokus her ligg på modellert lesing av tekstar (med "briller") og felles arbeid med strukturen til den teksten som skal skrivast. Oppgåva er ei eksamensoppgåve i norsk i vidaregåande frå 2011 med tre tekstar frå romantikken. Elevane skal samanlikne tekstane og vise romantiske trekk i dei. Det er ei krevjande oppgåve både når det gjeld tekstlesing og strukturering. I presentasjonen http://lesesenteret.uis.no/getfile.php/Lesesenteret/Lesing%20p%C3%A5%20eksamen%202015.pdf som er halden på nokre lærarskoleringar, viser vi korleis lærar og klasse arbeider saman over lengre tid med å førebu skrivedagen.

Skriv ny kommentar

SPRÅKLØYPER-BLOGGEN

Velkommen til Språkløyper-bloggen! Dette er stedet hvor inviterte gjestebloggere deler forskning, inspirasjon, informasjon eller aktuelle spørsmål som er knyttet til Nasjonal strategi for lesing og skriving 2016-2019. Våre bloggere er politikere, forskere, pedagoger, forfattere og andre med kunnskap og meninger om språk, lesing, skriving og opplæring. Det er kommunikasjonsavdelingen ved Lesesenteret som driver bloggen, men gjestebloggerne står selv ansvarlig for innhold og faglige meninger i sine innlegg. God lesing!

SISTE ARTIKLER

21.07.2017

21.07.2017

21.07.2017

21.07.2017

21.07.2017

FØLG OSS