Hopp til hovedinnhold
Hilde Briksdal i Loen Barnehage
AV Hilde Briksdal i Loen Barnehage
03.01.2016

Då lesegleda kom svevende på ein sopelime

Loen Barnehage vant Leseprisen for sitt arbeid med Pulverheksa. Les korleis barnehagen har brukt dei velkjente bøkene til å legge til rette for eit godt språkmiljø i barnehagen.

Av: Hilde Briksdal, Loen barnehage

Loen barnehage har gått frå å vere ein barnehage der det heller sjeldan blei lest bøker, til å bli ein barnehage der bøker utgjer vårt springbrett til arbeid med tema, fagområder og leik. Vi er også blitt ein barnehage der foreldre og ungar går gjennom porten med sekk i eine neven og bøker i den andre, for også i heimane vert barnehagen sine bøker lest. Denne endringa hjå oss skjedde etter at vi valde å drive eit utviklingsarbeid med lesing i fokus, der hensikta var å gjere barna glade i bøker, og slik legge til rette for eit godt språkmiljø i barnehagen.    

SPRÅKSTIMULERING I RAMMEPLANEN
Rammeplanen for barnehagen (2006) slår fast at småbarnsalderen er den grunnleggande perioden for utvikling av språk, og at barnehagen her har fleire viktige oppgåver: 

Barnehagen må sørge for at alle barn får varierte og positive erfaringer med å bruke språket som kommunikasjonsmiddel, som redskap for tenkning og som uttrykk for egne tanker og følelser. Alle barn må få et rikt og variert språkmiljø i barnehagen. Noen barn har sen språkutvikling eller andre språkproblemer. De må få tidlig og god hjelp. […] Barnehagen må støtte at barn bruker sitt morsmål og samtidig arbeide aktivt med å fremme norskspråklig kompetanse (s. 29).

EIT GODT SPRÅKMILJØ FOR ALLE BARN
Sidan vi alt var godt i gang med særleg oppfylging i grupper for dei som trengde det mest, bestemte vi oss for at vi no ville satse meir på å skape eit godt språkmiljø for alle barn i barnehagen.

Bakgrunnen for val av tema var Stryn kommune sitt satsingsområde «Lesedugnad» og endringar i omgjevnadane som førte til nye omsyn å ta grunna stadig auke i talet på minoritetsspråklege barn, og talet «store» barn i barnehagen vår. I tillegg hadde personalet eit ynskje om å opne meir opp for spontanitet og barna sine innspel i kvardagen. Barnehagen måtte finne nye måtar å arbeide på for å møte alle desse utfordringane på ein god måte.

Å GJERE BARNA NYFIKNE PÅ BØKER
Vi innførte ulike tiltak som å lag
e eige leserom, innføre daglege lesestunder for alle barna, bibliotekbesøk og språksamlingar. Vi tok også i bruk lydbøker og oppretta bokutlån for heimane. Mykje viktig arbeid dette, men i tillegg hadde vi eit inderleg ynskje om å gjere barna ekstra nyfikne på bøker og det som var «inni» dei, for slik å vekke deira eiga leseglede. 

Ein god måte å gjere dette på vart å få figurane i bøkene til å «kome ut»   til oss i lys levande skikkelsar. Vi valde å satse på å levandegjere bokserien om Pulverheksa av Ingunn Aamodt. Heksa skulle kome på kosten sin, feie all lesevegring til side og ta oss alle med ein real språkstorm. Ho skulle verte den store «snakkisen» blant barna både i barnehagetida og heime. Språket vert nemleg best utvikla når det vert brukt, så då gjeld det å få i gang forteljemotoren!

HEKSEPROSESSEN – OM Å GJERE BOKA LEVENDE
Viktige føresetnader for å skape eit godt Pulverheksa-miljø hjå oss var ein assistent med teatralske evner og vilje, og ein annan kreativ assistent som var god med rekvisittar og symaskin. Allereie ved oppstart i august, før ungane hadde lese om Pulverheksa, starta vi å gje dei små hint. Vi laga ho til eit mystisk fenomen som dukka opp i ny og ne. For eksempel: «Hmm, her e kome fleire myntar i skattekista vår … kven kan ha putta dei oppi der, tru? Kan det vere ei heks? Eller: «Veit de kva eg såg i går kveld når eg var innom barnehagen? Noko raudt og svart som flaug i lufta, på ein kost trur eg det var …!» På denne måten gjorde barna store auge, og starta å snakke om Pulverheksa lenge før dei hadde sett eller hørt om ho i ei bok.

Etter eit par veker les vi fyrste boka i Pulverheksa-serien dagleg, og då barna kjente til heksa og vennene hennar, dukka ho plutseleg lys levande opp i samlinga. Ungane vart begeistra, nokre tykte ho likna på Inga, at ho snakka som Inga og hadde same klokke som Inga, men det var jo ikkje ho, for ho var jo til pause eller reist til Stryn eit ærend …! Seinare lét vi heksa dukke opp på ulike boksamlingar og «events» gjennom året. Andre gongar lét vi ho dukke opp når det var særlege tema vi ville ta opp med barna, som t.d. det å bite og skade andre – vi fletta det inn i ei bok om heksa og dramatiserte boka. Vi les ei ny bok i serien i bortimot ein månad. Heksa si rolle vart ikkje å kome hyppig, men å kome godt når ho kom!

LEVANDE "BOK-EVENTS"
Vi la opp til fleire større «levande bok-events» i løpet av året.

Grønskollingdag: Vi dramatiserte heile boka om «Grønskollingen» ein heil barnehagedag, der barna og dei tilsette hadde rollene. Det vart invitert og organisert med bursdagfest for Grønskollingen og barn og vaksne som leita etter han saman med Pulverheksa.  

Heksejakt i skogen: Vi laga ei hekseverd i skogen, som barna fant på sin vanlege skogstur. Rekvisittar og hekseskilt låg strødd utover eit stort område, og plutseleg var barna på heksejakt!

Karneval: Temaet var Pulverheksa, så alle måtte kle seg ut som noko frå desse bøkene.

Pulverteater: Eit enkelt manus vart skrive ut frå boka «Pulverheksa og Plageånden». Vi fletta inn songar om vennskap og mobbing, og laga ein musikal til framføring for foreldre og skulen i bygda.

PULVERHEKSROMMET
Alt vi brukte av kostymer og rekvisittar, vart stilt ut på «Pulverhekserommet», slik at barna kunne leike med det der. Her var det innreia med heksehus og fengsel, krokodiller og heksegryte. Mange kostyme vart laga i ulike storleikar, slik at vi hadde både for vaksne og barn, til samling og til leik. 

Det var tydeleg å sjå at rommet var viktig som ein stad å «gjere boka levande», ungane kunne boltre seg vidare, tilføre nye element til historiene, og lage sine eigne. Personalet fortel:

«Eg såg ei fin oppleving ein gong, og har sett fleire slike i år. Vi hadde nett lese ei Pulverheksa-bok, og då vi var ferdige tok ungane på seg kostyme og spelte heile handlinga i boka i leiken. Det var engasjerande og veldig kjekt å sjå!» fortel ein av assistentane. 


Alt vi brukte av kostymer og rekvisittar, vart stilt ut på «Pulverhekserommet», slik at barna kunne leike med det der.

Her såg vi ofte at norske og minoritetsspråklege barn leika saman med felles leiketema som dei hadde utvikla eit felles språk for. Barn som knapt hadde starta å snakke norsk, brukte plutseleg ord som «Suppegjøken» og «Grønskollingen». Dei hadde utvikla det same verktyet i denne leiken som dei norske barna. Vår erfaring med denne måten å jobbe på, er at ein oppnår å skape den raude tråden frå temaarbeidet over til barna sin leik og tilbake igjen. Heile vegen vil språket vere aktivt i bruk , og ein inkluderer på ein fin måte fleirspråklege barn, og barn som til vanleg er av det meir stille slaget.

KJEKKE DAGAR
Personalet fortel om kjekke og spennande dagar, der dei ser at det arbeidet dei legg ned med lesing, festar seg i barna og kjem att i auka bruk av språket. Foreldre fortel om barn som pratar dei øyrene fulle om Pulverheksa. Nokre seier også at barna deira no finn meir roa med bøker, og at ordforrådet til barna aukar i takt med lesinga. Minoritetsspråklege foreldre seier at dette har vore ein god måte for dei å lære seg norsk på. Det vart nok lest i mange heimar i Loen før dette prosjektet også, men fleire fortel om auka lesing og nye vanar med bøker ved leggetid.

Hjå oss vart det viktig å få alle med på prosjektet heilt frå starten av. Nøkkelen til dette vart sunn galskap, humor og glede. Å vri om denne nøkkelen tente naturleg nok gnisten hjå både ungar, foreldre og tilsette, for kven vil vel ikkje vere med å ha det litt gøy …?

Litteratur: 

Briksdal, H. (2014). Når boka vert levande i barnehagekvardagen.

Loen Barnehage: Prosjektrapport frå utviklingsarbeid.

Kunnskapsdepartementet. (2006). Rammeplan for barnehagens innhold og oppgaver.

Oslo: Kunnskapsdepartementet.

 

Kommentarer

  • Inspirerende
    Dette var flott å lese. En praktisk tilnærming til et stort tema, som ser ut til å gi mange og positive ringvirkninger. Jeg ble inspirert!

Skriv ny kommentar

SPRÅKLØYPER-BLOGGEN

Velkommen til Språkløyper-bloggen! Dette er stedet hvor inviterte gjestebloggere deler forskning, inspirasjon, informasjon eller aktuelle spørsmål som er knyttet til Nasjonal strategi for lesing og skriving 2016-2019. Våre bloggere er politikere, forskere, pedagoger, forfattere og andre med kunnskap og meninger om språk, lesing, skriving og opplæring. Det er kommunikasjonsavdelingen ved Lesesenteret som driver bloggen, men gjestebloggerne står selv ansvarlig for innhold og faglige meninger i sine innlegg. God lesing!

SISTE ARTIKLER

24.11.2017

24.11.2017

24.11.2017

24.11.2017

24.11.2017

FØLG OSS