Hopp til hovedinnhold
Barnebibliotekar Kjellaug Bjerkli Haarberg ved Haugesund Folkebibliotek
AV Barnebibliotekar Kjellaug Bjerkli Haarberg ved Haugesund Folkebibliotek
29.11.2015

Folkebiblioteket er ein ressurs for skulane

Folkebiblioteket er ein viktig alliert i leseopplæringa, noko mange lærarar har lett for å gløyme. – Bruk den kompetansen me har til å gjera leseopplæringa rikare og betre, skriv barnebibliotekar Kjellaug Bjerkli Haarberg.

Når ein skal fremja lesing i skulen er det visse nøkkelfaktorar som må vera på plass. Forsking viser at ein treng eit miljø med rik tilgang på aktuell litteratur. Den som skal fremja lesinga må ha god kunnskap om litteraturen som vert brukt, kunnskap om lesenivå og interesser hjå dei einskilde elevane i ei gruppe. I ein ideell skulekvardag skjer lesestimuleringa i eit samarbeid mellom lærar (som kjenner klassen sin) og bibliotekar (som kjenner den aktuelle litteraturen).[1]


– Me ser ein klar samanhang mellom lærarar som har ein aktiv bruk av folkebiblioteket og talet på elevar som besøker biblioteket på fritida si, skriv Kjellaug Bjerkli Haarberg.

95% av norske skular har skulebibliotek. Dette skal vera navet i lesestimulering og bygging av informasjonskompetanse hjå elevane. Men svært mange skulebibliotek slit med små samlingar, lite tilfang av nye bøker og lite personalressursar. I snitt har norske skulebibliotek 6,1 timar personalressurs i veka. 82% av dei ansvarlege har andre arbeidsoppgåver i tillegg til skulebibliotek, og berre 12% har bibliotekfagleg bakgrunn.[2]

I ein slik situasjon kan det vera vanskeleg for ein lærar å sikra det gode, varierte tilbodet ein ynskjer seg. Lærarkvardagen gjev ikkje mykje tid til å halda seg oppdatert på litteratur, og kampen om dei populære titlane i ei mager boksamling kan vera hard. Då gjeld det å hugsa på at ein har ein alliert utanfor skulen – nemlig folkebiblioteket. Nokon kommunar har eit formalisert samarbeid mellom skular og folkebibliotek, men på langt nær alle, og då er det opp til skulen sjølv å ta kontakt.

Eg arbeider på barne- og ungdomsavdelinga ved Haugesund folkebibliotek. Kommunen har like over 36 000 innbyggarar, og 16 skular på barne- og ungdomstrinnet, inkludert mottaksskule og Steinerskule. Biblioteksituasjonen på skulane er litt ulik, men ingen skular har for tida fagutdanna bibliotekar, og den økonomiske situasjonen i kommunen er svært trong.

Barneavdelinga ved Haugesund folkebibliotek tilbyr lærarar å låna bokkassar til bruk i klasserommet - klasseromsdepot. Bøkene vert typisk lånt ut for 6 veker, men lånet kan forlengast dersom det er ynskje om det. Me samtaler med lærar via telefon, e-post eller ved oppmøte på biblioteket, og får informasjon om klassen/trinnet som skal bruka bøkene. Elevtal, fordelinga på sterke og mindre sterke lesarar, spesielle interesser/aktuelle emne og fordeling mellom skjønnlitteratur og fakta er mellom dei tinga me prøver å orientera oss om.

Når eg pakker kassar prøver eg å sjå for meg elevgruppa og kva som kan vekka interesse når dei ser gjennom bøkene. Eg ynskjer å bruka mest mogeleg aktuell, nyare litteratur, sidan Astrid Lindgren og Roald Dahl får nok merksemd utan mi hjelp. I ein typisk kasse for ein 2. klasse vil eg ha biletbøker, lettlesbøker, litt meir krevjande barnebøker, nokon meir høgtlesingsretta, nokre tegneseriar og nokre faktabøker om emne eg trur vil engasjera. Der det er mogeleg tek eg gjerne eit par bøker som kan utfordra forventningar hjå lesaren – norsk biletbokflora har mange slike – og gje rom for samtaler i klasserommet. Men fyrst og framst ligg fokus på at alle skal kunna gå til kassen og finna noko som er overkomeleg, interessant og gjev lyst til å lesa meir når boka er slutt.

For eldre elevar er fokuset mykje det same, men vekta flytter seg frå biletbøker til romanar. Det er alltid viktig å ha med ein del lettleste bøker, uansett aldersgruppe. Dette vert vanskelegare di høgare ein kjem i alder, då det ikkje vert gjeve ut så mykje lettlesbøker for dei øvre trinna på grunnskulen. Då er det ekstra viktig å kjenna samlinga slik at ein veit kva bøker som kan vera engasjerande nok til å få med seg ein skeptisk lesar, og kva for tynne bøker som lover meir enn dei kan halda. Å pakka ein kasse til ein ungdomsskuleklasse er noko av det mest spennande eg veit, for min innsats kan vera avgjerande for om elevane vert dregne med inn i lesinga eller om dei gjev opp!

I skrivande stund (november 2015) har me 16 depot på utlån, til saman omkring 25-30 kassar med bøker. Til jul kjem det gjerne eit ras med innleveringar  – men over jul starter me opp med vårt lokale leseprosjekt for 3.-7-klasse, Bokormen, og då veit me at det tek av med utlån både til einskilde lånarar og til klassar.

I tillegg til klasseromsdepota bruker lærarar folkebiblioteket t.d. til å skaffa filmar som skal visast i klasserommet, bøker til fordjuping i ulike emne, bøker til høgtlesing og bøker til elevar med spesielle behov. Me har faste klassebesøk gjennom Den Kulturelle Skolesekken, og klassar kan dessutan koma på eige initiativ og få bokprat, eller berre vera i biblioteket og låna på eiga hand.


Bruk biblioteket i skulen, er oppfordringa frå Kjellaug Bjerkli Haarberg.

Me ser ein klar samanhang mellom lærarar som har ein aktiv bruk av folkebiblioteket og talet på elevar som besøker biblioteket på fritida si/deltek i leseprosjekta våre. I nokon tilfelle er geografisk avstand til folkebiblioteket eit hinder, men ofte kan ein engasjert lærar i samarbeid med bibliotekar skapa lesarar som gjerne tek ein bytur for å finna nytt lesestoff. Me ser òg at elevar frå klassar som har brukt folkebiblioteket aktivt lettare hugser på oss når dei kjem høgare opp i skulesystemet, på vidaregåande og studier, og kjem for å finna informasjon og litteratur til hjelp i skulearbeidet. Å vera ein kompetent bibliotekbrukar er ein stor fordel når ein skal studera og må finna ut av ting sjølv!

Ei utfordring for oss er å få informasjon om tilboda våre ut til skulane. Nesten uansett kor mykje me informerer, så møter me årleg lærarar som aldri har tenkt tanken om at dei kan skaffa klassen eit lite bibliotek berre med å ta ein telefon. Ei anna utfordring er sjølvsagt å ha nok litteratur til alle som er interesserte, og tid nok til å gjera ein god jobb i formidlinga. Eg ynskjer meg større satsing på skulebibliotek i kommunane, både når det gjeld boktilfang og personale – men så lenge ressurssituasjonen er som den er oppfordrer eg tilsette på skulane til å kontakta folkebiblioteket sitt og finna ut kva det kan bidra med. Bruk den kompetansen me har til å gjera leseopplæringa rikare og betre!

Les óg:

Om å undervurdere ungdommen: Sett frå eit tenåringsperspektiv kan ein knapt førestelle seg nokon større provokasjon enn ein vaksen som freistar å forklare kva det vil seie å vere ung, skriv Nils Henrik Smith.

Skeptisk til nynorsk? Ikkje no lenger: Den nynorske leseaksjonen Tid for ti er med på å auke elevanes språklege sjølvbilete og etablerer betre haldningar til nynorsk, skriv Ole Ivar Burås Storø i Foreningen !les.

Kommentarer

Ingen kommentarer på denne bloggen ennå

Skriv ny kommentar

SPRÅKLØYPER-BLOGGEN

Velkommen til Språkløyper-bloggen! Dette er stedet hvor inviterte gjestebloggere deler forskning, inspirasjon, informasjon eller aktuelle spørsmål som er knyttet til Nasjonal strategi for lesing og skriving 2016-2019. Våre bloggere er politikere, forskere, pedagoger, forfattere og andre med kunnskap og meninger om språk, lesing, skriving og opplæring. Det er kommunikasjonsavdelingen ved Lesesenteret som driver bloggen, men gjestebloggerne står selv ansvarlig for innhold og faglige meninger i sine innlegg. God lesing!

SISTE ARTIKLER

21.07.2017

21.07.2017

21.07.2017

21.07.2017

21.07.2017

FØLG OSS