Hopp til hovedinnhold
Terje Torkildsen (Foto: Marius Vervik)
AV Terje Torkildsen (Foto: Marius Vervik)
15.11.2015

Lått og leselyst

Norske barne- og ungdomsbøker er ofte lite morosame, medan dei internasjonale bestselgarane er spekka med humor. Er mangelen på humoristiske bøker grunnen til at så mange unge, særleg gutar, sluttar å lesa? spør forfattar og gjestebloggar Terje Torkildsen

Terje Torkildsen er forfattar.

Eg har dei siste par åra jobba med ei fagbok om humor for barn og unge. Dette er eit kjekt prosjekt som har gitt meg både heftige latterkrampar og mange nye tankar. Eg kom t.d. over latterforsking frå Canada som viste nokre interessant: Ein vaksen mann ler i gjennomsnitt 17,6 gonger i løpet av ein dag. Kvinner ler oftare men det er likevel skremmande lite, tenkjer eg. Til samanlikning ler eit barnehagebarn om lag to hundre gonger i løpet av ein dag. Kvifor sluttar me å le og kva tid skjer det?

Det er viktig å le. Det er faktisk sant at ein god latter forlengjer livet. Latter utløyser lykkehormon, endorfin, som er bra for mykje. Låtten hjelper også på blodgjennomstrøyminga og reduserer stress. Eg har mange gonger tenkt at ein viktig grunn til å jobba med barn og unge, er at me vaksne blir i godt  humør av det. Barn ler altså mykje meir enn me vaksne og låtten smittar. Eg er heilt sikker på at lærarar og andre tilsette i barnehage og skule ler oftare enn folk flest.   

Alle som har jobba med litteraturformidling veit at humor er noko som fengjer barn og unge. Det er heller ikkje vanskeleg å finna morosame bøker for barn, men jo eldre målgruppa blir, dess vanskelegare ser det ut til å vera. Kvifor er det slik? Både lesarane og formidlarane etterlyser morosame bøker. Forlaga ønskjer å selja mest mogleg bøker og dei fleste forfattarar ønskjer sannsynlegvis å bli lesne. Likevel er dei fleste barne- og ungdomsbøkene som kjem ut i Noreg lite morosame.


Barn ler mykje meir en vaksne. Kvifor er det så vanskeleg å finne morosamme norske bøker for eldre barn?

I utlandet er det annleis. Dei fleste store internasjonale bestseljarseriane er spekka med humor. Eg har ledd mange gonger sjølv når ungane mine har lytta til lydbøker med Pippi, Ei pingles dagbok, Rampete Robin eller Harry Potter, for den del. Me forfattarar er gjerne misnøgde med at desse salssuksessane får så mykje merksemd og at dei har så høge opplagstal, medan våre eigne bøker støvar bort i hyllene. Me skuldar gjerne på bokhandlarane som ikkje gir våre seriøse, alvorlege bøker god nok eksponering eller på bibliotekarane som alltid finn fram dei populære bøkene først. Bokbransjen og biblioteka svarer med at dei må jo gje kundane og brukarane det dei spør etter. Og så står me slik då, og peiker på kvarandre. Kanskje burde me heller peikt på oss sjølve?

Eg trur at både me forfattarar og dei norske forlaga må ta sin del av ansvaret for at det kjem ut for få morosame bøker. Eg trur det er vanskelegare å få gitt ut humorbøker enn bøker som ikkje er morosame. Det kan vera mange grunnar til dette. Kanskje blir humor sett på som mindreverdig? Komedien har ikkje same status som tragedien. Det kan også handla om manglande interesse hos forfattarane og kompetansemangel i forlaga. Det er nok ikkje alle forlagsredaktørar er klarer å verdsetja det humoristiske i ein tekst, og det er svært få som klarer å gjera ei humoristisk utgangspunkt endå meir morosamt. Dette handlar ikkje nødvendigvis om at ein ikkje forstår humor eller sjølv ikkje er morosam. Det å skriva humoristisk er ein eigen disiplin som fordrar ein eigen kompetanse.

Eg meiner at komikken har sin eigen retorikk  og at denne er vesens forskjellig frå andre forteljingar. Ei velkomponert dramatisk forteljing bør til dømes ikkje har for mange sidespor og lause trådar, men det er gjerne slike uventa vendingar og blindgater som får oss til å le av ei forteljing. I barnelitteraturen snakkar med gjerne om heime-borte-heime som eit strukturerande prinsipp. Hovudpersonen bør komma trygt heim til slutt, men i ei komisk forteljing bør slutten vera uventa. Ein vits må alltid avsluttast med ein punchline.  

Lått og leselyst er eit stort tema som det blir skrive og tenkt for lite om. Kanskje mangelen på humoristiske bøker er grunnen til at så mange unge, særleg gutar, sluttar å lesa. Og endå verre, kanskje det er difor me sluttar å le når me blir vaksne.

Kommentarer

Ingen kommentarer på denne bloggen ennå

Skriv ny kommentar

SPRÅKLØYPER-BLOGGEN

Velkommen til Språkløyper-bloggen! Dette er stedet hvor inviterte gjestebloggere deler forskning, inspirasjon, informasjon eller aktuelle spørsmål som er knyttet til Nasjonal strategi for lesing og skriving 2016-2019. Våre bloggere er politikere, forskere, pedagoger, forfattere og andre med kunnskap og meninger om språk, lesing, skriving og opplæring. Det er kommunikasjonsavdelingen ved Lesesenteret som driver bloggen, men gjestebloggerne står selv ansvarlig for innhold og faglige meninger i sine innlegg. God lesing!

SISTE ARTIKLER

19.09.2017

19.09.2017

19.09.2017

19.09.2017

19.09.2017

FØLG OSS