Hopp til hovedinnhold

Språkløyper – Nasjonal strategi for språk, lesing og skriving 2016–2019

Kvifor delta i Språkløyper?

  • 16 prosent av norske 15-åringar ligg på eit lesenivå som er under ”kritisk grense”.
  • Gutane skårar lågare enn jentene i lesing.
  • Elevar med innvandrarbakgrunn skårar lågare i lesing enn elevar med norsk bakgrunn.
  • Barn og elevar som strevar med språk, lesing og skriving blir ikkje alltid oppdaga tidleg nok.
  • Høgt presterande elevar får ikkje alltid nok utfordringar og støtte. 

For å støtte opp under det viktige arbeidet dei tilsette i barnehagar og skolar gjer for å møte desse og andre utfordringar, har Nasjonalt senter for leseopplæring og leseforsking (Lesesenteret) og Nasjonalt senter for skriveopplæring og skriveforsking (Skrivesenteret) utvikla nettstaden sprakloyper.no. Nettstaden er ein del av strategien Språkløyper Nasjonal strategi for språk, lesing og skriving 20162019.

Det unike med denne strategien er at det for første gong blir satsa systematisk både på barnehage og alle trinn i grunnskole og vidaregåande skole i same strategi. Han er laga slik at styrarar og leiarar kan ta innhaldet i bruk i barnehagar og skolar straks, og heile organisasjonen skal arbeide saman om ei kompetanseutvikling.

Sprakloyper.no
Nettstaden sprakloyper.no har gratis kompetanseutviklingspakkar som barnehagar og skolar lett kan ta i bruk i lokalt utviklingsarbeid. Kompetanseutviklingspakkane består av ei rekkje økter på 40–80 minutt med fagtekstar, filmar, videoførelesingar, refleksjonsspørsmål og oppgåver til mellomarbeid.

Arbeidet i barnehage og skole skal bidra til lokal lagbygging og bidra til å hente fram den kunnskapen som alt fins og vidareutvikle denne gjennom felles arbeid med og refleksjon rundt innhaldet. Barnehage, skole, team eller faggruppe kan velje mellom ei rekkje tema etter kva behov dei har.

Oppstartssamlingar
I tillegg til nettstaden, består strategien av årlege, fylkesvise oppstartssamlingar.

Språkkommunar
Meir enn 11 millionar kroner skal tildelast omlag 25 norske kommunar og fylkeskommunar som får status som språkkommunar. Ein føresetnad for å bli språkkommune er at kommunen/fylkeskommunen forpliktar seg til å arbeide systematisk og helheitleg for å forbetre barn og unges ferdigheiter innanfor områda språk, lesing og/eller skriving, frå barnehage til fullført grunnskole eller til fullført vidaregåande opplæring. Målet er å styrke barnehagens språkmiljø og gjere norske elevar betre til å lese og skrive.

Les meir om Språkkommunane.

Ressurspersonar og nettverk
I Kunnskapsdepartementet sitt framlegg til budsjett for 2016 er det i tillegg føreslått å styrkje strategien til også å omfatte ei søknadsbasert ordning med tilskott til lokale nettverk og ressurspersonar som støttar utviklingsarbeidet lokalt.

Målgrupper
Strategien har som mål at alle barn og elevar sine språk-, lese- og skriveferdigheiter blir styrka. God språk-, lese- og skriveopplæring for alle er ei gjennomgåande målsetting. Nokre grupper blir likevel spesielt framheva i strategien.

Gruppene er:

  • minoritetsspråklege
  • barn og elevar med språkvanskar
  • elevar med lese- og skrivevanskar
  • gutar
  • høgtpresterande elevar

Tilskuddsordning til organisasjoner
Utdanningsdirektoratet har en tilskuddsordning til private og frivillige organisasjoner som utvikler og iverksetter gode lesestimuleringstiltak. Tiltakene må støtte opp under mål, målgrupper og temaområder i Språkløyper. 
På Utdanningsdirektoratets nettsider finnes flere opplysninger og søknadsskjema.